Ei stund kunne ein frykte at bergenske D-Pad Studio sitt Owlboy var på veg til å bli ei urban legende. Spelet har vore i produksjon i nesten eit tiår, og nokre hugsar enda då dei spelte ein demo av spelet for over fem år sidan på messer. Det såg kanskje mørkt ut ei stund, men eg spår lysare tider.
verdt eit tiår i utvikling?
Lat oss ikkje henge oss opp i den sannsynlegvis tyngande utviklinga av Owlboy. Eg kjem heller med klisjeen om at diamantar skapast under enormt trykk. Eg har ikkje hatt innsikt i korleis livet i D-Pad Studio har vore, men eg dristar meg til å påstå at tiåret i utvikling vil bli verdt det. Ja, det er faktisk så bra.
Eg har aldri vore spesielt glad i plattformarar. Eg vaks opp med Atari og PC, og kjøpte min fyrste konsoll då eg var 20 år. Eg gikk glipp av plattformarkompetansen som ein gjerne får av å vere ein “Nintendo kid”. Då alle satt med tindrande, våte auger og rasa gjennom Ori & the Blind Forest, opplevde eg det som repetitivt og utmattande. Eg gikk lei av å hoppe og rulle rundt i korridorar. Eg har difor tenkt at eg kom til å mislike Owlboy. Ja, eg har alltid synes at det har sett kjempefint ut, men eg forventa å bli frustrert over ein spelmekanikk eg sjeldan har meistra godt.
Skapt med kjærleik
Eg tok heldigvis feil. Ein flyt gjennom spelet uanstrengt. Mekanikkane er enkle å forstå, men eg opplev ikkje at nokon vil halde meg i handa. Ein får utforske og prøve ut funksjonar sjølv, og ein kan såleis overraskast og undrast over det ein oppdagar.
Så kjem alle dei andre openberre kvalitetane. Owlboy er gjennomført med kvalitet i alle ledd. Musikk, lyd, det grafiske uttrykket, dialogen, spelfigurane – alt opplevast som koherent og skapt med kjærleik. Protagonisten Otus, ei lita og tilsynelatande puslete ugle, lev i ei vakker og magisk verd mellom skyene. Owlboy er sjarmerande varmt, men framleis mystisk. Trangen til å reise på eventyr med Otus og venene melder seg ganske raskt.
Konklusjon
Dette er inntrykka mine etter å ha spelt gjennom pressedemoen av Owlboy. Eg har likevel ingen grunn til å tru at resten av spelet skal bli ein skuffelse. På slutten av demoen vart det vist glimt frå andre sekvensar, og det ser like gjennomført ut. Det er lov til å glede seg til Owlboy kjem ut, som ryktas å vere i løpet av hausten 2016. (Eg ønsker meg forøvrig ein Otus-kosebamse!).
Skjermdumpar henta frå D-Pad Studio