Ein slank og liten prima ballerina kan sjå svak og skjør ut ved fyrste augekast, men ho er sterk og hardfør med tusenvis av treningstimar bak seg. Det polske balletteventyret Bound inviterer til refleksjon rundt den gjengse oppfatninga om svakheit i det feminine.
Ein spelar som «Princess». Ho er ein slags utanomjordisk ballerina utan ansikt og forståeleg språk. Prinsessa har avrunda former og fjør som hår. Ho står i sterk kontrast til det kubistiske landskapet ho dansar i. Miljøet i Bound er abstrakt i forma med sterke fargar, og det er som å gå inn i eit modernistisk maleri. Eg trur Bound tek stad i underbevissheita til eit menneske med vonde barndomsminner. Prinsessa prøvar å finne ut korleis ho kan vinne over eit monster som truar kongeriket. Kanskje det er ei bearbeiding av traumene til dette mennnesket?
Undervurderinga av Det feminine
Eg vart svært begeistra då eg oppdaga Bound på E3 2016. Det er sjeldan ein ser spel som er så sterkt prega av eit feminint uttrykk utan å vere påfallande seksualiserte. Det overraska meg ikkje at det stod aust-europeiske utviklarar bak. Ballett har høgare status i aust-europa enn her i vest, og det er meir utbreidd og akseptert at også menn kan satse på karrierer som ballettdansarar. Eg opplev det som progressivt og modig å satse på ein ballerina som protagonist. Vi møter trass alt på muskuløs, kvit mann, ca. 30 år gammal med kort, brunt hår som hovudfigur litt for ofte.
Ein ballerina er eit ypperleg symbol på styrka i det feminine. Feminine uttrykk og kvalitetar, både fysiske og mentale, blir ofte sett på som noko svakt som ein skal undertrykke. Til dømes uttrykk som «å gråte som ei jente”. Gir det deg positive konnotasjonar? Å uttrykke kjensler blir sett på som ei svakheit. Eg vil påstå at det tvert imot er modig.
Styrka til ein ballerina er ofte skjult i ein slank kropp med små, avlange musklar. Det er lett å tru at ein slik fysikk må vere svak og skjør. Bak den vanvittige kroppskontrollen til ein ballerina ligg derimot tusenvis av treningstimar med hardføre musklar som resultat. Prinsessa står imot angrep frå omgivnadane gjennom piruettar og lange hopp. Ho framstår som fryktlaus. Ho er både sterk og modig på reisa gjennom landskapet.
Sterk og modig = maskulin?
Eg vil tru at mange kvinner som i dag vegrar seg for å seie at dei er feministar nettopp kjenner på at feminine uttrykk blir oppfatta som svake, også innan feminismen. Skal ein kome til orde så må ein bli meir maskulin i utsjånad og oppførsel. Ein må vere stor og brautete. Det er ikkje slik det skal vere. Det du seier og kjempar for er like gyldig og viktig sjølv om du likar å ha på deg kjole, synes rosa er ein fin farge eller likar å danse ballett.
Eg vil understreke at eg snakkar om allment vedtekne oppfatningar om kva som er feminine og maskuline uttrykk, og heller ikkje om kjønn. Eg set også desse uttrykka på spissen, og eg kunne ha skrive ei avhandling med nyansar og analyser om tema. Ein mann kan sjølvsagt elske ballett, og ei kvinne kan foretrekke boksing. Vi er ei samansetting av ulike uttrykk, men det er ikkje tvil om at typiske feminine kvalitetar blir sett ned på. Frå eiga erfaring vil eg påstå at det har vore meir akseptert samt lettare å vere jente med maskuline interesser som dataspel, enn det er å vere gut med feminine interesser som til dømes ballettdansing.
Konklusjon
Tilbake til Bound. Det er eit heilt greitt spel med ein del svakheiter, men det vekker tankar og kjensler som er interessante å reflektere over. Det er noko forfriskande over spelmekanikken òg, sidan det har blitt nytta motion capture av ein ballerina til animasjonane. Elles er det mykje uforløyst potensial både når det kjem til den noko forutsigbare historia. Det same gjeld for grafikken som til tider kan forstyrre og blokkere for sikt og rørsle. Dei ulike bretta er for homogene, og utfordringar ein møter på er altfor lette å løyse. Eg håpar det neste spelet til Plastic blir hakket meir gjennomført og polert, og at dei held fram med å vere modige. Då kan resultatet bli heilt fantastisk.
Bound (2016)
Plattform: PlayStation 4
Utivklar: Plastic, Santa Monica Studios