Førre desember runda eg SOMA – det siste spelet til det svenske studioet Frictional Games, mest kjende for Amnesia-serien. Eg trossa mi motvilje mot horrorsjangeren, sidan eg fikk høyre at SOMA hadde eit interessant narrativ. Det vart ei heilt anna oppleving enn eg venta.
Eg kjem til å gå i detalj om SOMA sitt plott i denne teksten, berre så du er advart!
Opplevingar som får deg til å reflektere
Eg elskar å ha opplevingar som får meg til å gruble på vår eksistens, universet, krig og fred og sånn (vel, iallfall dei to fyrstnemnde). Kvifor er ting som dei er? Er det slik vi trur? SOMA var ei slik oppleving. Protagonisten Simon Jarrett har vore i ei bilulykke, og sit igjen med ei skade på hjernen. Livskvaliteten og levetida hans er redusert. Han bestemmer seg for å prøve ei eksperimentell behandling hjå to hjerneforskarar. Det endar i at han våknar opp i ein bunkers-aktig struktur under havet. Simon si bevisstheit vart lagra digitalt, og etter kvart skjønar vi at vi ikkje er Simon i sitt sedvanlege kjøt og flesk – vi er Simon i ein anna kropp som både består av organisk materiale og elektronikk, om lag 100 år etter at vi lot hjerneforskarane leike med oss.
Er eg “meg” uten kroppen min?
Augeblikket i SOMA då Simon forstår dette opplevde eg som uhyre interessant. Han reagerte med sjokk og sinne, medan eg ytra eit fascinert “whoa” for meg sjølv. Den fysiske kroppen vår – har den noko særleg verdi for det subjektive “meget”, altså oppfatninga mi av kven eg er? Eller er det bevisstheita mi (ein kan kalle det sjela òg) som er det komplette “meg”, uansett kva kropp eller gjenstand eg finn meg i? Kva om eg blir digitalt kopiert som Simon, og fem av “meg” eksisterer samstundes, er alle meg? Er ingen meg? SOMA inspirerer til drøssevis av slike spørsmål. Det er både skummelt og fantastisk å tenke på slikt, og alltid artig å diskutere med andre. Eg får definitivt lyst til å lese filosofisk teori.
Kven er eg på ei aude øy?
SOMA minner meg om liknande problemstillingar frå då eg studerte kommunikasjonsteori, og meir spesifikt symbolsk interaksjonisme. Er eg “meg” om eg ikkje har nokon å interagere med? Korleis kan du vere “deg” om du ikkje har nokon å enten markere likskap eller avstand til? Min identitet blir vel forma og uttrykt av at eg fortel om ting eg er oppteken av, om eg er einig eller ueinig i det du seier, og elles uttrykker min identitet og mitt verdssyn gjennom slik eg handlar og kommuniserer med andre. Kven er eg då på ei aude øy?
No man is an island
Mi eremittkreps-aktige personligheit har tidligare fnyst av uttrykket no man is an island. Heldigvis ser også eg verda med fleire nyansar i vaksen alder, og innrømmer at eg tok feil. Du er sjølvsagt biologisk menneske om du veks opp einsam på ei øy, men er du ein person? Ja, sjølvsagt vil arv og genar spele inn – eg trur definitivt ikkje at kultur er det einaste som formar eit menneske si personligheit, men kva om du aldri har fått sjansen til å utøve dei personligheitstrekka som ligg i hjernebarken din, i samspel med eit anna menneske? No kan eg sjølvsagt trekke inn studiar som tydar på at spedbarn sluttar og vekse eller døyr om dei ikkje opplev menneskeleg interaksjon, men dette er jo ikkje ei tabloidavis heller *host*. Her konkluderer eg tankespinnet for denne gangen, og for all del – spel SOMA.
Er du ein sånn som ikkje har tid til å spele spel lenger? Då anbefaler eg Markiplier si gjennomspeling av SOMA. Jau, han er svært entusiastisk til tider, men han tar opp ein del av spørsmåla eg sjølv har reflektert rundt her på ein fin måte.
Har du hatt spelopplevingar som har fått deg til å filosofere, tvile og reflektere? Fortell gjerne om det i kommentarfeltet!
Kjempeinteressant! Jeg får nesten lyst til å spille SOMA selv – eller se gjennomspillingen i det minste 😉 Jeg synes det er de beste spillene; de som setter i gang refleksjonene. Har mange opplevelser i den sjangeren selv: Journey, The Plan, Gone Home, Firewatch, osv. Jeg tilgir lettere slike spill eventuelle feil, fordi det at de har evnet å få meg til å filosofere er verdt veldig mye for meg.
Eg er på same måten – eg tilgir lettare svakheiter og manglar når narrativ, dialog mm. er strålande. Eg opplev at folk er ganske delt på dei spela du listar opp då, det er ein del klaging på at dei er for korte, har for lite innhald, at gameplay er lite elegant og så vidare. Kvar sin smak! 🙂