Fem nerdar samlar seg i ein samtale om alt frå science fiction til dataspel og gamle teikneseriar frå 80-talet. Dette høyres kanskje ikkje så uvanleg ut no som også mannen i gata har sin eigen podkast. Tvisten er at dei fem nerdane er kvinner, gisp!
Våre gode vener i podkastimperiet Rad Crew slepp i dag episoden «LADY CREW» i populærkulturpodkasten Rad Crew NEON, og Spillpikene har gleda av å vere representerte.
Her finn du episoden:
radcrew.net
Soundcloud
Itunes
Nedlasting av mp3
Kven er vi?
Ida Joynt (23) er “trekkie” og programleiar for Rad Crew Neon. Christine Marie Jentoft (29) er aktivist og elskar teikneseriar. Yngvil Osdal Runde (29) er ein del av bloggkollektivet Spillpikene og spelar tretti timar i veka. Ingerlise James (27) er blodfan av Doctor Who og har jobba med nerdeinteresser hjå GameStop og Platekompaniet. Laura Crumble (32) har vore lidenskapeleg oppteken av science fiction sidan barndommen.
Carrie Fisher, Ripley og Fake gamer girls
I om lag to timar samtalar vi om kvinnelige førebilete som Carrie Fisher og Ellen Ripley, om fordommar vi både møter som kvinnelige nerdar og som vi sjølve kan ha mot andre, og korleis dette har endra seg dei siste tretti åra. Vi fortel også om filmar, spel, bøker og teikneseriar som er mellom våre favorittar.