Er det nokon som har stelt sweetrollen din? Slik lagar du nye!
For dei som ikkje kjenner til «sweetrolls», så er dette eit bakverk frå The Elder Scrolls-serien samt Fallout 3. Det er kanskje TES V: Skyrim sine sweetrollar som er mest kjende, mellom anna fordi byvaktene vil erte deg med setninga «Let me guess, someone stole your sweetroll?» (jævlar!).
Dette treng du:
Eg har ei eiga bundt-bakeform, som er perfekt til sweetroll-forma. Du kan likevel bruke muffinsformer og liknande, og heller forme sweetrollane når dei er ferdigsteikte.
– 400 g brunt sukker
– 150 g smør
– 500 g kveitemjøl
– 4 dl lettmjølk
– 1 ts bakepulver
– 2 egg
– 2 ts kanel
…og glasuren:
– 40 g nøytral kremost
– 2 s melis
– rør ut med vatn til ønska tjukkelse
Steg for steg!
- La egga og smøret få romtemperatur før du byrjar bakinga. Set omnen på 190 grader.
- Bland brunt sukker og smør i ein bolle. Det enklaste er å bruke ein miksar, men det kan òg gjerast for hand.
- Når blandinga har fått ein lysebrun farge, tilset du dei to egga og rører litt til.
- Tilsett så mjølka, kanel, mjøl og bakepulver, og rør enda litt til!
- Den ferdige røra skal vere rennande, og det er ikkje krise dersom den har litt klumpar.
- Røra er klar for forma – dersom du vil ha Skyrim-utsjånaden kan du sette bakepapir i forma i staden for smør (sjå bilete).
- Du kan no sette bakeforma i midten av omnen, og steike sweetrollane i 20-30 minutt. Stikk gjerne noko i dei på slutten av baketida for å sjå om dei er gjennomsteikte.
- Når dei er ferdiga tar du dei ut av forma, og legger dei på ei rist. Skjer ut eit hól i midten på kvar enkelt.
- Bland kremost, melis og vatn som glasur. Tjukna av glasuren bestem du sjølv med kor mykje vatn du tilset. Start gjerne med éi spiseskei.
- Dekorer sweetrollane med glasuren medan dei er litt lunkne, for å få den perfekte, rennete Skyrim-utsjånaden. Et voilà!
Nesten litt skuffet over at du ikke tok sjansen til å kalle det «søtrullar».
Tanken streifa meg, men då måtte vi nesten ha hatt ei nynorsk oversetjing av heile Skyrim (som i seg sjølv høyres ganske fantastisk ut).
Åh, nå gikk det opp for meg at «Skyrim» også fungerer på nynorsk (og annen norsk). Kall meg treig, men det ordet var vakkert!