Kunne du ha tenkt deg å vere på forelesing i Middle Earth? Eg har prøvd meg på eit nettkurs om historieforteljing i spel, og er overtydd om at dette er undervisningsmetodar for framtida.
Læring gjennom spel er i vinden. Elevar lærer seg mellom anna engelsk og matte gjennom spel på skulen, medan MMO-ar som “World of Warcraft” kan lære ein om til dømes samarbeid, styrke eins analytiske evner og auke den digitale kompetansen. Læring gjennom opne nettkurs, betre kjende som «MOOC» (Massive Online Open Courses) er òg ein del av utviklinga innan digitale læringsmetodar.
Eg har nett gjennomført kurset “Online Games: Literature, New Media, and Narrative”, som er ein kombinasjon av både læring gjennom spel og MOOC. Kurset tok stad i Lord of the Rings Online, som er ein eldre men framleis populær MMO. Det har utan tvil vore ei unik oppleving å vere student i Middle Earth.
Ein spelavhengig professor
Kurset er eit gratis tilbod gjennom Coursera, som er ein nettportal for MOOC frå heile verda. Akkurat dette kurset var formidla frå Vanderbilt University i Tennessee, og varte i seks veker. Eg brukte om lag fem til ti timar på kurset i veka, der mesteparten gikk med på å spele. Eg var i utgangspunktet litt bekymra over at forelesaren var ein godt vaksen litteraturprofessor. Det viste seg å vere heilt unødvendig, då han kunne fortelje oss at familien hans var rimelig oppgitt over alle timane han la ned i Middle Earth. Då hadde me plutselig noko heilt essensielt til felles, Jay Clayton og eg.
Ideell arena for læring
Det skulle òg vise seg at eg med mine 26 år høyrde til den yngre garden i spelet, som kanskje har den eldste spelargruppa av dei større MMO-ane akkurat no. “Player-versus-player” er om lag ikkje-eksisterande, og befolkninga er generelt fredelige. Dette fører til at spelet er godt eigna for MOOC, sidan ein får fred til å konsentrere seg om kursoppgåvene som skal gjennomførast utan å bli “ganka” (les: snikmyrda eller eigd) av forbipasserande medspelarar.
Ein må likevel kappe hovudet av ein ork eller ein nazgül no og då, men det er ein del av moroa. Sjølve LotRO er eg dessverre ikkje like imponert over. Det er eit skrekkdøme på betalingsmodellen “free-to-play”. Spelet er gjennomsyra av reklame, mas om «boosters» og har eit generelt kjøpepress. Det blir nok mitt fyrste og siste besøk i denne utgåva av Middle Earth.
Frå litteratur til spel
Kort fortalt handlar kurset om korleis Lord of the Rings har blitt remediert frå litteratur og film til LotRO. Korleis blir historia fortalt i spelet? Har historia endra seg frå eit medium til eit anna? Kva har dikt av John Keats og LotRO til felles? Etter kurset skulle eg kunne svare på slike spørsmål, og det kan eg faktisk, takka vere dei effektive og engasjerande læringsmetodane i kurset. Metodane var videoforelesingar, eit pensum, quizzar samt oppgåver som måtte løysast i spelet og deretter innleverast på kurssida. Nokre oppgåver kravde òg at eg måtte levere inn ein skjermdump som viste at eg hadde gjennomført ei oppgåve, til dømes av crafting eller at eg hadde blitt forvandla til ei høne.
På oppdrag med Gandalf
Etter seks år i høgare utdanning er det ein lettelse å kunne gå frå til dømes å sjå gruppediskusjonar på video til å gjennomføre eit oppdrag saman med Gandalf. Eg rakk aldri å bli lei. Tenk om vi kunne ha det slik i skulen og på universitetet? Éi av oppgåvene var til dømes å bli medlem av eit “kinship” – eit fellesskap i spelet. Dette innebar at ein måtte ta kontakt med andre spelarar og bli vener. Kvifor var dette ei viktig oppgåve? Jau, litt tvangssosialisering har sine fordelar.
Det sosiale aspektet
Ein skulle kanskje tru at å ta nettkurs er ein usosial og einsam aktivitet, men det stemmer absolutt ikkje. Eg hadde mellom anna 40 000 medstudentar. Fleire av oppdraga i spelet var samarbeidsoppdrag, og kurset la opp til at ein skulle samarbeide med andre. Det vart til dømes oppretta ei eiga facebookside for kursdeltakarane på min server, der vi planla hendingar som Bilbo og Frodo sin bursdag, og kunne diskutere oppgåver eller spørsmål frå kurset.
Fellesskapskjensla motiverte meg til å spele, og det vart dermed enklare å gjennomføre kurset. Dette trur eg er ein bevisst strategi frå forelesar Clayton, som har snekra saman eit svært funksjonelt og gjennomtenkt kurs.
Overkomeleg pensumliste
Kurset har ei overkomeleg pensumliste, men den inneheld til gjengjeld litteratur som krevjar di fulle merksemd. Eg kjenner godt til både Tolkien-universet og fleire av dikta i pensum frå før, men å lese og forstå meiningsinnhaldet i arkaisk engelsk er sjeldan ei enkel oppgåve for dei fleste. Den første boka i Lord of the Rings-trilogien, The Fellowship of the Ring, var naturlegvis ein del av pensum. Resten var eldre dikt som til dømes «Ithaca» av Constantine Cavafy, samt korte fagtekstar om historieforteljing i spel.
Helten og det romantiske oppdraget
Fiksjonslitteraturen hadde ein fellesnemnar eg vil kalle “det romantiske oppdraget”. Det handlar i hovudsak om ein protagonist – gjerne kjenneteikna som ein helt og ein riddar – som skal ut på oppdrag for å meistre noko få eller ingen før ho har meistra. Helten blir òg freista med makt og rikdom undervegs, men ho skal motstå dette og såleis halde på æra og integriteten.
Det romantiske oppdraget er lett å få auge på i Lord of the Rings. Frodo er den usannsynlege helten, som skal meistre det som ingen har meistra før. Han motstår freistingane som ringen utstrålar, og gjer noko til fordel for fellesskapet. Etter å ha gjennomført kurset kan eg mellom anna kjenneteikne og forklare det romantiske oppdraget. Eg sit faktisk igjen med ny og spennande lærdom etter timesvis i Middle Earth. Det er verkeleg ein vinn-vinn situasjon.
Høg kvalitet
Kurset er slutt for denne gang. Eg sit att med ein ny optimisme for framtida i skulen og høgare utdanning. Det har vore mange positive overraskingar. Kurset har mellom anna høg kvalitet for å vere gratis og ope for alle. Universitetet har nok brukt ein del ressursar på kurset, og kva vinn dei eigentleg på det? Ei suksessfull satsing blir stort sett kjenneteikna av kor stor økonomisk gevinst det har skapt – ein aukande trend òg i akademia.
Vitalisering av humaniora?
Kurset kastar mellom anna lys over utdanningstilbodet universitetet har i litteratur, kunst og digital kultur. Det vitnar om eit universitet som er moderne og villig til å eksperimentere med nye lærings- og undervisningsmetodar. Eg opplev kurset også som ei lita vitalisering av det å dyrke og forstå den vakre kulturen vi har her i verda. Ein tradisjon ein hovudsakleg finn i humaniora – ein akademisk disiplin som held på å døy ut på universiteta våre, der lønsamheit blir prioritert. Kan dei opne og frie nettkursa bli ei livbøye for dei humanistiske faga?
Synest du kurset høyres interessant ut? Fortvil ikkje, forelesar Clayton har hinta om at det vil kome liknande kurs i framtida. Eg ventar i alle fall spent på oppfølgaren.
Hørtes ut som et veldig spennende konsept. 🙂
Ja, genialt konsept! Trur det berre blir betre med tida òg, eg måtte fylle ut eit ganske omfattande evalueringsskjema då kurset var slutt. 🙂