For ei tid tilbake spurte eg syskenbarnet min på 18 år om han kunne foreslå nokon kvinnelige e-sportspelarar til meg. Sjølv om han driv med e-sport sjølv, og følgjer med på nasjonale og internasjonale turneringar, så kunne han ikkje nemne ei einaste ei. Eg er dessverre ikkje overraska.
Jenter er (visstnok) dårlegare i e-sport
Kompetetiv speling har vore ei “gutegreie” i enda større grad enn generell speling. På forum og sosiale medier har eg også observert ein generell konsensus om at jenter er dårlegare i desse spela jamnt over. Eg er vel ikkje så overraska over slike påstandar heller – det er ei utbreidd haldning om kvinner som spelar at vi er dårlegare enn mannfolka (også biologisk), men her var òg mange av jentene einige i påstanden. Ei foreslo at det er fordi jenter startar med e-sport seinare enn gutar, og dermed ikkje får det same fundamentet som gutar har opparbeida seg etter årevis med Star Craft, Counter-Strike og liknande kompetetive spel. Om påstanden er sann, er det nok mange andre faktorar òg som spelar inn, men det skal eg ikkje spekulere i no.
Eit nytt håp?
Så er det desse unntaka, som lyser opp og gir ein håp. Eg har snakka med Hege «Hedje» Botnen, ein profesjonell Counter-Strike-veteran. Ho er med på laget LGB eSports CS:GO Females, saman med norske Matilde «Mattye» Wiik, Aurora «Aurora» Lyngdal, Hanne «HaySS» Skårdal og svenske Lizette «L.K.S.» Scheich. Dei deltek i turneringar, streamar for hundrevis av sjåarar på Twitch.tv og er populære på sosiale medier. Hovudspelet er Counter Strike: Global Offensive.
Sjølv for meg som ikkje kjenner denne sfæren spesielt godt, så ser det ut som at dette er ein kjend gjeng for mange i det internasjonale CS:GO-miljøet. Kvifor har vi ikkje hørt meir om dette laget i norsk media? Eg vil tru dei er pionerar i sitt felt. I haust var dei også nominerte og utplukka til den siste runden for prisen Årets Girl Geek. Journalistar, kjenn dykkar besøkingstid (beklager, vi har vel snart ingen journalistar i mainstream-media som skriv om spel lenger, sukk).
Kompetetive spel er eit utløp for frustrasjon
Hege sitt fyrste møte med spel var Super Mario World, og historia fortsette med GTA, The Sims og ei rekke andre titlar. Ho måtte ta ei pause frå fotballen etter ei stygg kneskade då ho var 16, og byrja å spele kompetetive spel. – Det var ein fin måte å få ut frustrasjon og få utløp for konkurranseinstinktet, fortel Hege.
Foreldra synest det vart mykje speling til tider, men etter kvart som Hege vart profesjonell og har reist jorda rundt for å delta i turneringar, så har dei fått eit meir nyansert syn. – Eg fikk ein fin SMS frå far min då dei sendte CS:GO på TV2 Sportskanalen, «er det ikkje det dette her du held på med, no er det på TV, så artig». Elles har Hege merka dei typiske fordommane mot oss som spelar mykje, som at vi er illeluktande slaskar som stort sett lev på frosenpizza. – Det er viktig å ta vare på kroppen i profesjonell e-sport, trene og ete sunt. Fungerer ikkje kropp og hjerne så presterer ein dårlegare.
Trener saman fire til fem dagar i veka
På LGB eSports-laget skildrar Hege seg som “mammaen” sidan ho er eldst og likar å ta vare på dei andre. Ho føretrekk å vere skarpskytaren, men er farleg på nært hald òg. – Generelt trener vi saman fire til fem dagar i veka for å halde nivået høgt og samspelet godt. Vi trener ekstra mykje før turneringar, og då går vi gjerne igjennom demoar av mostandarane våre for å sjå korleis dei spelar, forklarar ho.
Kva må eigentleg til for å vere eit suksessfullt lag i e-sporten? – På eit lag bør ein ha ein god kombinasjon av individuelle ferdigheiter, lagspel og taktikkar. Samhald er viktig i eit lag – klarer ein å halde saman lenge, så har ein større sjanse for å lykkast.
Ønskjer å vere ein ambassadør for jenter
Når eg spør henne om ambisjonar for framtida, så seier ho at ho ønskjer å spele profesjonelt på fulltid. I tillegg ønskjer ho å vere ein ambassadør for jenter i spelmiljøet og innan teknologiske fag. – Eg håpar at eg kan vere eit godt forbilde for å få fleire jenter interesserte i gaming som ei karriere, vi treng fleire jenter i det profesjonelle miljøet, avsluttar ho.
Bileta er henta frå LGB eSports si Facebookside
Trenger no dæmer i e-sport ja yee