Helga 6. til 8. november er det venta rundt 20.000 spelinteresserte på SpillExpo 2015, mellom anna meg! Her er ein liten rapport frå messehallen på Lillestrøm.
Eg hadde bestemt meg på førehand for å prioritere dei norske utviklarane i dei timane eg hadde på SpillExpo. Norske spelutviklarar som Rock Pocket Games, Krillbite, Process Games, Sarepta Studio, Ravn Studio og D-pad Studio stod på rekke og rad i hjartet av messehallen. I tillegg var til dømes 4BitGames inventar på Xbox sin svære stand.
Norske spel glitrar
– Vi har utvikla spelet vårt i fire månadar no, og ambisjonen er å få det ut på konsollar, fortel Solveig Møster. Ho er speldesignar og PR-ansvarleg hjå TripleRam Games.
Vi snakkar om Yearn, eit strategispel inspirert av mellom anna Worms og Total War. TripleRam er ein ung gjeng frå alle kantar av landet, no med base i Bergen. Korleis er det å vere ein liten spelutviklar i Noreg anno 2015?
– Ein har gode muligheiter som spelutviklar no. Dei større norske spelutviklarane er lette å kome i kontakt med, og ein kan spørje om hjelp og utvikle seg, fortel Møster.
SpillExpo veks stort
Spelmessa på Lillestrøm byrja i det små, men ekspanderer kvart år. I år er det til dømes 40 fleire utstillarar enn i fjor.
– SpillExpo er viktig fordi vi får vise fram spelet vårt og få tilbakemeldingar som vi tek med vidare i utviklinga, seier Møster. I tillegg nemner ho profilering av studioet og å knyte nye kontakter som fordelar med messa.
Vidare hjå Process Games er det kø av små speleglade som vil prøve Agents vs Villain. Eg har ikkje hjarte til å ta opp ein plass i køa, men eg får slå av ein prat med dagleg leiar Dag-Erling Jensen.
– Alle i Process Games har vanlege jobbar i tillegg til dette, fortel han. Barna framfor oss hylar av glede i det dei knuser «Villain».
Kor er satsinga? Sats meir!
Etter SpillExpo 2015 undrar eg på kvifor ikkje det er fleire sponsorar og meir merksemd frå det politikarar og det offentlege for den norske spelbransjen. Eg er imponert over spela eg har fått testa og sett i løpet av dagen, i tillegg til at utviklarane er utruleg entusiastiske, dyktige og imøtekomande.
Skjønar potensielle investorar kor mykje pengar som (kan) finnast i denne bransjen? At det finnast eit stort og pengesterkt publikum? Skjønar politikarar kor mykje kunstnarleg kapital desse utviklarane har, og den entreprenørånda dei viser? Riktignok er både Norsk filminstitutt og Innovasjon Norge på banen, men det bør bli enda fleire.
Man skjønner ikke potensialet enda nei, men vi jobber med det 🙂
Artikler som dette hjelper på.
Det er bra! Eg har jo ingen anelse om korleis det er å vere ein indie-utviklar i Noreg i dag. Det er sikkert mange andre tiltak enn meir gryn som kunne ha hjelpe dykk òg. (Veit næringsministeren kor mykje Candy Crush blei solgt for eigentleg? :p )