Klokka er 7.50 på ein fredag, eg har benka meg framfor PC-en her på NAV Kompetansesenter, og Oslo er bekmørkt og regntungt. Dette høyres kanskje ikkje ut som ein ideell situasjon, men det er det faktisk! Om nokre få timar skal eg nemlig dra godstolen fram til TV-en, leite fram ein liten pils og fyre opp Tomb Raider for fyrste gang på PS3. Eg er som vanleg om lag eitt år på etterskot med spelkatalogen min (og konsollgenerasjonen), men det er kanskje eit sunnheitsteikn?
Hei! Eg heiter Yngvil, og er fersk speltaus her hjå Spillpikene. Eg har spelt spel så lenge eg kan hugse. Det byrja med Commodore 64 og Atari ST som min kule onkel smugla inn i heimen, der mellom anna spel som Rampage og DuckTales var sentrale. Tidlig på 90-talet kom det ein berbar PC i hus, og det var då eg starta mitt lidenskapelige forhold til PC-gaming. Eg har knapt tatt i ein Nintendo i heile mitt liv, så eg definerer meg sjølv som ein gammal grinebiter-gamer. Eg høyrer nok til den pragmatiske delen av geek-kulturen, og trivast best på ein kraftig stasjonær PC.
Min store spelkjærleik
Eg vaks opp med å stort sett spele strategi- og turbaserte spel som Civilization, Caesar og SimCity, men fikk etterkvart smaken på eventyrsjangeren. Monkey Island, Myst, Sam & Max, Broken Sword, Gabriel Knight, Outcast og Grim Fandango er framleis nokon av mine favorittspel. Det var likevel i 1999 at eg hadde mitt livs speloppleving. The Longest Journey gjorde eit enormt inntrykk på meg, og for ikkje så lenge sidan hadde eg og Maren ein samtale om spelet her på bloggen. Eg er ein sucker for ei god historie, og har difor eit oppheng i historieforteljing og karakterbygging, noko eg kjem til å skrive meir om her på Spillpikene.
Loner på bygda
I yngre alder spelte eg stort sett for meg sjølv. Eg vaks opp i ei lita bygd der det var lite rom for å vere utanfor boksen. Mange trur kanskje at det å vere jente som spelar gir ein tusenvis av kulheitspoeng. Vel, det var iallfall ikkje sånn for meg. Eg var tvers gjennom ein nerd, og eg var lite interessert i å tilpasse meg normalen. Tenk hadde tolv år gamle Yngvil sett seg sjølv 15 år seinare, som del av eit spel-laug for kvinner! Eg konkluderer med at det er best å vere seg sjølv 110 prosent.
Frå Rubi-Ka til Tamriel
Dei siste åra har vore meir prega av store RPGar og heftige eventyrspel som Dragon Age: Origins, TES V: Skyrim, The Last of Us, Mass Effect-serien, Heavy Rain, The Walking Dead og ikkje minst ei rekkje MMOar. Det var også gjennom slike spel at eg møtte fleire likesinna, og fikk vener over heile verda som hadde same referansar som meg. Eg er ein Anarchy Online-veteran, men no er det The Elder Scrolls Online som okkuperer helgene mine. Berre så det er sagt, så held det på å bli ei perle av eit spel. Ein bør alltid gi MMOar iallfall eitt år til å finne forma. Eg har òg strauma litt ESO på Twitch, noko eg kanskje skal ta opp att.
Kaffe, internett og sci-fi, oh my!
Elles har eg ei mastergrad i språkleg kommunikasjon frå NTNU, og har nyleg flytta til Oslo for å arbeide med kommunikasjon i kaffi-etaten (ja, NAV altså). Eg driv mykje med innhald på nett og sosiale mediar, så ein PC med internett er vel sjølve livsnerven for meg. Likevel kan eg finne på å lese ei bok, gå på ein konsert eller å sy eit skjørt. Eg elskar òg science fiction, spesielt på film og i TV-seriar. Uansett, når eg no rundar Tomb Raider står Dragon Age: Inquisition for tur, og hjartet gleder seg!
Hva med Battlefield?
Eg har såvidt vore borti Battlefield og liknande, og det apellerar ikkje til meg. Det er så mange andre spel på ventelista som eg heller vil prøve. Skal aldri sei aldri då!
Av ein eller anna grunn tenkte eg at Yngvil allereie var ein av Spillpikene – så, god match!
Då har taktikken min fungert! 😉
Er ESO blitt bedre? Prøvde det så vidt i beta men det virket tungt og lite intuitivt da. Haha jeg var samme typen,oppvokst på bygda men spilte heller diablo enn fotball 😉
ESO har definitivt blitt betre ja. Det er lett å gløyme at ein beta nettopp er ein beta. No for tida blir både alpha og beta solgt som om det skulle vere fullverdige versjonar av spelet. Eg synest det er feil. Anyway, ESO har fått eit par fantastiske oppdateringar, og no framstår Tamriel som ei rik, organisk verd full av lore og personligheit. Det er framleis mykje som bør fiksast, men no er det minimalt med bugs og anna tull iallfall.
Jeg spilte betaen i ESO og ble raskt skuffet, som jeg ofte blir av MMOenes grinding-mas. Jeg digger Tamriel (spesielt Skyrim, som jeg har brukt mange hundre timer på), og gledet meg som en liten gutt til ESO. Men du sier nå at spillet har blitt patchet – hva er det viktigste? Er grindingen blitt mindre masete?
Nå er DA Inquis rett rundt hjørnet, så det blir nok lite tid til noe annet uansett frem til jeg har gått lei av den. Gleder meg som en liten nerd til den også – har høye forventninger.
Artig å høre om dine opplevelser, Ingvill! Keep us updated. Og håper Oslo behandler deg pent!
Hei Sana! 🙂
Ja, betaen var ikkje så veldig imponerande, men det er eit heilt anna spel no. Eg synest ikkje ESO er grindete samanlikna med t.d. asiatiske MMO-ar, men det spørs kor godt du likar quests, sidan dei definitivt gir mest XP.
Eg er meir ein PvE-type spelar, så det er det eg har best oversikt over.
Dei viktigaste oppdateringane i ESO er
– fiksa lag i combat
– fleire items å plukke opp (meir som i TES)
– fleire detaljar i environment designen
– generell optimalisering så alt ser betre ut og er smoothare
– fleire raids o.l. å gjere saman i gruppe
– innført «dailies» (daglige quests)
– innført belønningar for å vere ein skilled crafter, og crafting quests
– dungeons har blitt meir varierte mtp. utforming og utsjånad
– meir «silly hats» (kostymer, pets o.l.)
– NPC-ar har betre ansiktsanimasjonar og virkar meir levande
Framover no kjem det også eit justice system, Thieves Guild, crafting blir utvida (ein får t.d. jewlry crafting) og så opnar dei opp The Imperial City, som skal bli ei stor PvP+PvE-sone, ganske nysgjerrig på den!
Omg, Yngvil of course.
Nesten like ille som å skrive Sigrid i staden for Sigri det der! :p
Myst <3
Spelt RHEM-spela? Det er mystisk (som i Myst-ish). Ikkje like storslått (er éin mann som lagar alt), men særs bra likevel.
Hei Håvard! 🙂
Har ikkje vore borti RHEM, trur du dei held seg godt i dag?